Hornindal 514 Utvikling
Bli med og bidra
Hornindal skal vere ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøkje, og det klarer vi berre saman. Seks bedrifter er allereie med. No ønskjer vi fleire med på laget, både i bygda og i nabobygdene.
Så langt
- 6bedrifter har signert intensjonsavtale for tre år
- 182 000kroner i året frå bedriftene som har signert
- 100 000kroner frå Sparebanken Møre på skipingsmøtet
Ope møte
Kom på Smia torsdag 12. november.
Hornindal 514 Utvikling og Hornindal Grendeutval inviterer til ope møte. Kom og høyr korleis du kan bidra, anten du er bedrift, lag, organisasjon eller privatperson.
Spørsmål? Ring Anders Lødemel på 975 30 535.
- Dag
- Torsdag 12. november
- Tid
- Kl. 19-21
- Stad
- Smia, Ytrehornsvegen 8, Grodås
Kva pengane går til
Ein dagleg leiar som får ting til å skje.
Budsjettet for dei tre første åra er 4,6 millionar kroner. Med det kan vi tilsetje ein dagleg leiar i full stilling, med base på Smia.
Bedrifter, lag og folk i bygda er med og ber arbeidet, saman med bankar, stiftingar og Kraftfondet. Intensjonsavtalane viser bankane og kommunen at bygda stiller opp, og dei er grunnlaget for søknadene våre.
Dette skal vi levere dei tre første åra
- Fire samlingar i året for næringslivet, som frukostmøte, kurs og faglege samlingar.
- Minst eitt større arrangement i året, laga saman med lokale krefter.
- Rådgjeving og kopling for bedrifter og for deg som vil starte noko nytt.
- Tilbod, verksemder, kultur og natur i Hornindal samla på éin stad.
Desse står bak
Eit ulønt styre med brei erfaring.
Hornindal Grendeutval skipa selskapet og eig alle aksjane. Styret jobbar frivillig, og etter vedtektene (PDF) skal selskapet ikkje dele ut utbyte. Eit eventuelt overskot går tilbake til arbeidet.
-
Anders Lødemel
Styreleiar
Nordfjordpionér i Nordfjordkompaniet: hjelper bedrifter som manglar folk, og folk som vil til Nordfjord.
LinkedIn-profil -
Knut Ove Rygg
Nestleiar
Fabrikksjef i Ekornes, og tilsett der sidan 1998. Har fleire styreverv i regionen.
LinkedIn-profil -
Edvin Haugen
Styremedlem
Leiar for sal og marknad i Sødermann AS, og tidlegare dagleg leiar i Nordfjord Vekst.
LinkedIn-profil -
Thimmy Klaassen
Styremedlem
Gartnar og rådgjevar for frukt og bær i Norsk Landbruksrådgiving, og gründar av Planteplan AS.
LinkedIn-profil -
Kine Haugen
Styremedlem
Seniorskattejurist i Skatteetaten, og tidlegare fagleiar for sivil rettspleie i Vest politidistrikt.
LinkedIn-profil
Støtt arbeidet
Vil du støtte arbeidet økonomisk?
Støtta er frivillig, og du vel sjølv kor mykje du vil gi. Som privatperson kan du gi ein eingongssum. Bedrifter, lag og organisasjonar kan gi ein fast sum i året i tre år, ein eingongssum eller begge delar. Du treng ikkje bu i Hornindal for å vere med.
I dag gir bedriftene frå 5 000 til 50 000 kroner i året. Dei blir synleggjorde som støttespelarar og inviterte til faste møte om næringsutvikling og rekruttering. Desse er allereie med:
- Ekornes Grodås
- Vest Biogass
- Øen Kuldeteknikk
- GRS
- T. Eriksen Eiendomsservice
- LøFlo Installasjon
Slik går det føre seg
- Du melder interesse i skjemaet eller ringjer Anders Lødemel på 975 30 535. Det bind deg ikkje til noko.
- Vi tek kontakt og fortel meir. Bedrifter, lag og organisasjonar kan skrive under ein intensjonsavtale, som ikkje er bindande.
- Når bankane og kommunen har svart på søknadene, legg vi fram ein endeleg plan og ein bindande avtale. Vi samlar ikkje inn pengar før vi har sikra nok til å tilsetje ein dagleg leiar.