Hornindal 514 Utvikling
Personvern
Kva vi samlar inn, kvifor, og kva rettar du har.
Kort fortalt
Vi samlar berre inn personopplysningar i samband med fire ting:
- nyheitsbrevet: e-postadressa di, og om du opnar e-postane og klikkar på lenkjene
- når du melder interesse for å støtte arbeidet: det du skriv i skjemaet
- innmelding av arrangement: det du skriv i skjemaet
- når du kontaktar oss: det du skriv eller seier
Vi sel ikkje opplysningane, og gir dei ikkje vidare til andre enn leverandørane som er nemnde her. Erklæringa gjeld nettsida vår, nyheitsbrevet, interesseskjemaet og innmeldinga av arrangement.
Kven som er ansvarleg
Hornindal 514 Utvikling AS (org.nr. 937 809 832) er behandlingsansvarleg for opplysningane som er nemnde her. Adressa er c/o Kommunehuset Smia, Ytrehornsvegen 8, 6763 Hornindal.
Spørsmål om personvern kan du rette til styreleiar Anders Lødemel på anders.lodemel@hotmail.com eller 975 30 535.
Nettsida
Nettsida brukar ikkje informasjonskapslar (cookies), analyseverktøy eller anna sporing, og hentar ikkje innhald frå andre nettstader.
Sida ligg hos GitHub Pages. GitHub lagrar IP-adressa til alle som besøkjer sida, av tryggleiksomsyn. Det gjeld òg når kalenderprogrammet ditt hentar kalenderfila vår. Les meir i personvernerklæringa til GitHub.
Sida har lenkjer til andre nettstader, som Facebook og Google Kalender. Når du opnar dei, gjeld personvernerklæringa der.
Nyheitsbrevet
Melder du deg på nyheitsbrevet, lagrar vi e-postadressa di og når du sa ja. Grunnlaget er samtykket ditt (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a). I e-postane måler vi om dei blir opna og kva lenkjer som blir klikka.
Du kan melde deg av med lenkja nedst i kvar e-post. Vi tek vare på at du har meldt deg av, så vi ikkje sender deg noko ved ein feil. Ber du om det, slettar vi e-postadressa heilt.
Vi sender nyheitsbrevet med HubSpot, som er databehandlaren vår. Opplysningane blir lagra i EU (Tyskland), men kan i nokre tilfelle bli behandla utanfor EU, mellom anna hos HubSpot i USA. Slike overføringar skjer etter EU-U.S. Data Privacy Framework eller standardkontraktane til EU-kommisjonen.
Når du melder interesse for å støtte arbeidet
Melder du interesse for å støtte arbeidet, lagrar vi namnet ditt, e-postadressa og det du elles skriv i skjemaet. Vi brukar opplysningane til å ta kontakt med deg og følgje opp saka. Grunnlaget er den berettiga interessa vår i å følgje opp dei som vil støtte arbeidet (artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
Blir du med og støttar arbeidet, registrerer vi òg kor mykje du har lova å gi, og om det er betalt. Grunnlaget er då avtalen med deg (artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Vi tek vare på opplysningane så lenge avtalen varer, og fakturaer og anna rekneskapsmateriale så lenge bokføringslova krev (artikkel 6 nr. 1 bokstav c). Blir det ikkje noko av, slettar vi opplysningane når saka er avslutta, og seinast eitt år etter at du melde interesse.
Opplysningane blir lagra hos HubSpot, på same vilkår som nyheitsbrevet. Kryssar du av for nyheitsbrevet i skjemaet, gjeld det som står om nyheitsbrevet over.
Når du melder inn eit arrangement
Skjemaet for å melde inn arrangement spør ikkje etter namn eller kontaktinformasjon. Det du skriv, blir lagra hos Google (Google Skjema og Google Regneark), og då gjeld òg personvernerklæringa til Google. Godkjenner vi arrangementet, blir det publisert på nettsida og i kalenderfila vår.
Alt du skriv, kan bli publisert, så ikkje skriv opplysningar om andre utan at dei har sagt ja til det. Grunnlaget er den berettiga interessa vår i å vise kva som skjer i Hornindal (artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
Arrangementet forsvinn frå sida og kalenderfila dagen etter at det er over. Kopiar kan liggje att i versjonshistorikken til nettsida hos GitHub, og ber du om det, slettar vi dei der òg. Innmeldingane til arrangement som er over, slettar vi frå reknearket ein gong i året.
Når du kontaktar oss
Sender du oss e-post eller ringjer, brukar vi det du fortel for å svare og følgje opp saka. Grunnlaget er den berettiga interessa vår i å svare deg (artikkel 6 nr. 1 bokstav f). Vi slettar e-postane når saka er ferdig, med mindre lova krev at vi tek vare på dei lenger.
Rettane dine
Du har rett til å få vite kva vi har lagra om deg, og til å få det retta eller sletta. Du kan òg be oss avgrense bruken, protestere mot han eller få opplysningane i eit format du kan ta med deg. Har du gitt samtykke, kan du trekkje det tilbake når du vil.
Send oss ein e-post, så svarar vi innan ein månad. Meiner du at vi bryt reglane, kan du klage til Datatilsynet.
Endringar
Vi oppdaterer erklæringa når vi endrar korleis vi behandlar opplysningar. Sist endra: 7. november 2026.