Ope møte torsdag 12. november kl. 19-21 på Smia. Kom og høyr korleis du kan bidra til Hornindal 514 Utvikling, anten du er bedrift, lag, organisasjon eller privatperson. Legg til i kalender

← Tilbake til framsida

Smia · Grodås

Kontor og arbeidsplass på Smia

Smia på Grodås er kontorfellesskapet i Hornindal, og er tenkt som base for Hornindal 514 Utvikling. Du kan leige fast kontor eller ein arbeidsplass for ein dag, og studentstova er gratis. Volda kommune leiger ut lokala, men ta gjerne kontakt med oss om du vil ha hjelp.

Tre måtar å bruke Smia

Frå fast kontor til gratis studentplass.

Fast kontor

Ta kontakt for pris

Eige kontor på fast basis i eit triveleg fellesskap, for deg som treng ein stabil arbeidsplass i Hornindal.

  • Eige, fast kontor
  • Del av eit aktivt miljø
  • Møterom ved behov
  • Sentralt på Grodås
Ta kontakt for pris

Arbeidsplass for ein dag

200 kr / dag

Treng du ein arbeidsplass for ein dag eller to? Bestill akkurat når det passar deg.

  • Skrivebord og stol
  • Trådlaust nett
  • Kaffi og te
  • Bestill når du vil
Bestill via Romis

Studentstove

Gratis for studentar

Studerer du desentralisert? Kontor 215 er ei av seks studentstover i Nordfjord, og heilt gratis å bruke.

  • Skrivebord og to skjermar
  • Tastatur og mus
  • Trådlaust nett, kaffi, te og printar
  • Møterom kan bestillast
Bestill studentstove

Gratis studentstove

Ein god stad å studere, midt i bygda.

Studentstova på Smia er kontor 215, og er ein del av nettverket til StudieHub – Fjordane Studiesenter: seks studentstover i Nordfjord og Sunnfjord, drivne saman med kommunane. Du finn dei i Nordfjordeid, Stryn, Iglandsvik, Sandane, Selje og her i Hornindal.

Tilbodet er gratis for alle som studerer desentralisert. Her får du skrivebord, to skjermar, tastatur og mus, trådlaust nett, kaffi og te, printar og eit møterom du kan bestille ved behov, og ikkje minst eit lite studentmiljø å vere ein del av.

Les meir om studentstovene hos StudieHub →
Volda kommune om gratis kontorplass for studentar →

Slik får du gratis plass

  1. Gå til bestillinga på Romis.
  2. Vel studentstove (kontor 215) og tidspunkt.
  3. Skriv inn studentnummeret ditt i bestillinga.
  4. Vel faktura som betaling. Beløpet blir då automatisk null.
  5. Du får tilgangskode same dag som reservasjonen.

Til bestillinga →

Hugs å gjere deg kjend med branninstruksen før du tek lokalet i bruk.

Praktisk

Kort og greitt.

Smia er det gamle kommunehuset i Hornindal. Bygda har lang tradisjon med smedar, og dei tre ljåblada i det gamle kommunevåpenet står for smedhandverket og jordbruket. No skal Smia bli ein stad der idear blir smidde.

Adresse
Ytrehornsvegen 8, 6763 Hornindal
Arbeidsplass
200 kr / dag
Studentstove
Gratis · kontor 215
Fast kontor
Ta kontakt for pris
Bestilling
Via Romis
Utleigar
Volda kommune

Spørsmål?

Volda kommune leiger ut lokala. Leige, bestilling og praktiske spørsmål: servicekontoret, 70 05 87 00 (kvardagar 10–15).

Treng du hjelp, eller vil du samarbeide med oss? Ring Anders Lødemel i Hornindal 514 Utvikling på 975 30 535, eller send e-post til anders.lodemel@hotmail.com.

Arbeidsplass på Smia: skrivebord med skjerm og laptop i eit lyst, trekledd kontor, med utsikt mot Grodås gjennom vindauget.
Arbeidsplass på Smia, med utsikt mot Grodås.