Ope møte torsdag 12. november kl. 19-21 på Smia. Kom og høyr korleis du kan bidra til Hornindal 514 Utvikling, anten du er bedrift, lag, organisasjon eller privatperson. Legg til i kalender

Hornindal 514 Utvikling AS

Det gode liv i Hornindal

Midt mellom Sunnmøre og Nordfjord. Vi skal utvikle og synleggjere moglegheitene i bygda, saman med næringslivet og lokalsamfunnet.

Måla våre for dei tre første åra

  • 4samlingar for næringslivet i året
  • 1+større arrangement i året
  • 100 %stilling som dagleg leiar, med base på Smia

Om oss

Eit utviklingsselskap som skal løfte Hornindal vidare.

Hornindal 514 Utvikling AS er etablert av Hornindal Grendeutval for å utvikle og synleggjere moglegheitene i Hornindal, ein viktig del av Volda kommune og eit knutepunkt mellom Sunnmøre og Nordfjord. Målet er at lokale ressursar, kompetanse og initiativ skal skape verdi for dei som bur og driv verksemd her, og for dei som kjem på besøk eller vil etablere seg.

Selskapet byggjer vidare på det grundige arbeidet i prosjektet «Det gode liv i Hornindal» frå 2012 og samarbeider tett med Volda kommune, Høgskulen i Volda, Nordfjordkompaniet, lokalt næringsliv og frivillige.

Selskapet jobbar med næringsutvikling og bulyst, medan Hornindal Grendeutval har den politiske rolla overfor kommunen.

I dag eig Hornindal Grendeutval alle aksjane. Styret ser på korleis eigarskapen skal vere vidare, med privatpersonar, bedrifter, kommunen og andre som moglege eigarar. Styret er ulønt og jobbar frivillig. Etter vedtektene (PDF) skal selskapet ikkje dele ut utbyte til eigarane, og eit eventuelt overskot skal gå tilbake til arbeidet. Selskapet forvaltar heller ikkje tilskot, lån eller investeringsmidlar. Sjå òg oppføringa i Enhetsregisteret.

Smia på Grodås er tenkt som base for selskapet, og skal vere ein viktig møteplass der idear kan utviklast vidare.

Satsingsområde

Fire område vi prioriterer.

01

Møteplassar for næringslivet

Fire samlingar i året, som frukostmøte, kurs og faglege samlingar, der bedriftene kan dele erfaringar og finne nye samarbeid. Innhaldet lagar vi saman med deltakarane.

02

Rådgjeving og kopling

Fagleg støtte til etablerte verksemder og til deg som vil starte noko nytt, og hjelp til å finne rett kompetanse i bygda og i regionen.

03

Nye arrangement

Minst eitt større arrangement i året som skil seg ut frå det som alt finst. Vi fangar opp idear, koplar aktørar og lagar arrangementa saman med lokale krefter.

04

Synleggjering av Hornindal

Tilbod, verksemder, kultur, natur og opplevingar samla på éin stad, så det blir enklare å bli kjend med bygda for dei som bur her, flyttar hit eller er på besøk.

Visjonen vår

Hornindal skal vere ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøkje.

Difor vil vi vere ei samlande kraft for næringslivet og lokalsamfunnet. Vi skal vere ein lokal medspelar for etablerte verksemder og nye etablerarar, og hjelpe gode idear vidare ved å kople saman menneske, kompetanse og ressursar.

Ope skipingsmøte på Smia 17. november 2025: fullsett sal med presentasjon av prosjektet «Det gode liv i Hornindal».
Ope skipingsmøte på Smia, hausten 2025.

Slik starta det

Eit initiativ frå bygda.

Hornindal Grendeutval inviterte til skipingsmøte på Smia 17. november 2025. Frammøtet var stort, og engasjementet er tydeleg: bygda vil sjølv vere med å forme framtida.

Sparebanken Møre overrekte ein sjekk på 100 000 kroner til arbeidet. Hornindal Grendeutval har i tillegg sett av inntil 100 000 kroner og har så langt betalt ut 50 000.

Etter mange teamsmøte og besøk hos lokale bedrifter vart Hornindal 514 Utvikling AS formelt skipa våren 2026, og no er arbeidet for fullt i gang.

Kalender

Dette har vi jobba med.

Etter skipingsmøtet hadde det mellombelse styret møte nesten kvar veke. Her er det viktigaste vi har gjort så langt, og det som kjem.

  1. Fullsett sal på skipingsmøtet, med presentasjon på skjermen.

    Skipingsmøte på Smia

    Hornindal Grendeutval inviterte, og frammøtet var stort. Sparebanken Møre gav 100 000 kroner til arbeidet.

  2. Ope møte på Smia i romjula, med «Det gode liv i Hornindal» på skjermen.

    Ope møte i romjula

  3. Møte med kommuneleiinga i Volda

    Kommunen rådde oss til å ha ei tydeleg rollefordeling mellom selskapet og grendeutvalet.

  4. Bedriftsbesøk: møte med presentasjonen «Det gode liv i Hornindal» på skjermen.

    Bedriftsbesøk

    Vi besøkte dei største bedriftene i bygda, og dei første signerte intensjonsavtale. Grendeutvalet betalte ut dei første 50 000 kronene.

  5. Styret samla framfor steinpeisen på Smia.

    Selskapet er registrert

    Hornindal 514 Utvikling AS vart stifta 14. april og registrert i Enhetsregisteret 2. juni.

  6. Møte med kommunedirektøren om Smia og Kraftfondet

    Rådet var å lage forretningsplan og budsjett, med tydeleg fokus på verdiskaping.

  7. Studentar frå Høgskulen i Volda i feltarbeid på Grodås

    Førsteårsstudentar i planlegging kartla kva som gjer Grodås til ein god stad, og laga nettsider om det dei fann. Les saka på hivolda.no

    Foto: Jan Harald Hammerstad Møllevold, HVO

  8. Forretningsplan

    Plan og budsjett for dei tre første åra, med næringslivet og etablerarar som hovudmålgruppe.

  9. Framsida av nettsida.

    Nettsida er lansert

  10. Møtet på Ekornes: fem personar rundt eit møtebord.

    Møte med Volda Næringsforum og Sunnmøre Kulturnæringshage

    Dei vil hjelpe oss med å ferdigstille forretningsplanen og søknaden til Kraftfondet.

  11. Seks bedrifter har signert

    Med LøFlo Installasjon har seks bedrifter signert intensjonsavtale om å støtte selskapet i tre år.

  12. Sjå presentasjonen

    Presentasjon for kommunestyret

    Saman med Hornindal Grendeutval presenterte vi arbeidet for kommunestyret i Volda i Honndalshallen. No snakkar vi vidare med HoppID, Volda Næringsforum og kommunen om forretningsplanen og om korleis vi skal søkje Kraftfondet.

  13. Neste: ope møte på Smia

    Kl. 19-21. Kom og høyr korleis du kan bidra, anten du er bedrift, lag, organisasjon eller privatperson.

    Legg til i kalender
Lysbilete 1: Hornindal 514 Utvikling AS. Hornindal skal vere ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøkje. Lysbilete 2: Kommunen utfordra oss til å tenkje stort. Lysbilete 3: Mykje å byggje på, men ingen som samlar det. Lysbilete 4: Frå idé til selskap på under eitt år. Lysbilete 5: Bedriftene i bygda stiller opp. Seks bedrifter har signert, 182 000 kr i året i tre år. Lysbilete 6: Fire område vi prioriterer. Lysbilete 7: Dette skal vi levere dei tre første åra. Lysbilete 8: Vi har lært av tidlegare forsøk. Lysbilete 9: For kvar krone frå Kraftfondet kjem nesten tre frå andre. Lysbilete 10: Tre ting vi ber kommunestyret om. Lysbilete 11: Fire måtar Kraftfondet kan vere med på. Lysbilete 12: Saman kan vi løfte heile bygda. Lysbilete 13: Korleis kan DU bidra? Ope møte på Smia torsdag 12. november kl. 19-21. Lysbilete 14: Takk for merksemda. Det gode liv i Hornindal byggjer vi saman.
Last ned PDF

Styret

Brei erfaring frå næringsliv, organisasjon og rekruttering.

Styret er ulønt. To av oss har band til arbeidet gjennom jobben: nestleiar Knut Ove Rygg er fabrikksjef i Ekornes, som har signert intensjonsavtale med oss, og styreleiar Anders Lødemel jobbar i Nordfjordkompaniet, som er ein av partnarane våre.

Styret i Hornindal 514 Utvikling: fem personar samla framfor steinpeisen på Smia.
Styret samla på Smia.
  • Anders Lødemel

    Styreleiar

    Nordfjordpionér i Nordfjordkompaniet: hjelper bedrifter som manglar folk, og folk som vil til Nordfjord.

    LinkedIn-profil
  • Knut Ove Rygg

    Nestleiar

    Fabrikksjef i Ekornes, og tilsett der sidan 1998. Har fleire styreverv i regionen.

    LinkedIn-profil
  • Edvin Haugen

    Styremedlem

    Leiar for sal og marknad i Sødermann AS, og tidlegare dagleg leiar i Nordfjord Vekst.

    LinkedIn-profil
  • Thimmy Klaassen

    Styremedlem

    Gartnar og rådgjevar for frukt og bær i Norsk Landbruksrådgiving, og gründar av Planteplan AS.

    LinkedIn-profil
  • Kine Haugen

    Styremedlem

    Seniorskattejurist i Skatteetaten, og tidlegare fagleiar for sivil rettspleie i Vest politidistrikt.

    LinkedIn-profil

Partnarar og samarbeid

Saman med sterke aktørar i regionen.

Samarbeid er meir enn pengar. Partnarane våre er med på ulike måtar, og ikkje alle støttar oss økonomisk. Kvar pengane kjem frå, ser du under Økonomi.

Vest Biogass, Ekornes Grodås, Øen Kuldeteknikk, GRS, T. Eriksen Eiendomsservice og LøFlo Installasjon har allereie signert intensjonsavtale om å støtte prosjektet økonomisk i tre år.

I tillegg er vi i dialog med fleire bedrifter, og vi ønskjer å utvikle eit tett og godt samarbeid både med store og små bedrifter framover.

Bedriftsbesøk: fire personar rundt eit møtebord, med presentasjonen «Det gode liv i Hornindal» på skjermen.
Frå eitt av bedriftsbesøka.

Økonomi

Mange skal vere med og finansiere arbeidet.

Budsjettet for dei tre første åra er 4,6 millionar kroner, om lag 1,5 millionar i året. Slik er finansieringa tenkt.

  • Bankar og stiftingar 2,4 mill. kr
  • Kraftfondet i Volda kommune 1,2 mill. kr
  • Bedrifter i Hornindal seks har allereie signert 0,6 mill. kr
  • Inntekter frå arrangement, frå år 2 0,3 mill. kr
  • Aksjonærar, lag og gåver 0,1 mill. kr

Sum over tre år4,6 mill. kr

Kjelde: forretningsplanen for Hornindal 514 Utvikling AS, kapittel 7.

Slik skaffar vi pengane

  1. Fleire med på laget. Seks bedrifter har allereie signert intensjonsavtale, og vi jobbar for å få med fleire bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar. Sjå korleis du kan bidra.
  2. Kraftfondet. Saman med HoppID, Volda Næringsforum og kommunen finn vi ut korleis vi skal søkje. Søknadsfristen er venta i februar 2027.
  3. Bankar og stiftingar. Vi startar dialogen med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som har søknadsfrist 1. mars 2027.

For bedrifter

Støtta er frivillig, og de vel sjølv kor mykje de vil bidra med: ein fast sum i året i tre år, ein eingongssum eller begge delar. I dag gir bedriftene frå 5 000 til 50 000 kroner i året. De treng ikkje bli medeigarar for å vere med, og bedriftene som støttar arbeidet, blir synleggjorde i presentasjonane og på nettsida vår.

Vil bedrifta vere med? Ring Anders Lødemel på 975 30 535 eller send ein e-post.

Meld interesse

Nyheitsbrev

Få nytt frå oss på e-post.

Meld deg på nyheitsbrevet, så får du vite kva vi jobbar med og kva som skjer framover.

Når du melder deg på, sender vi deg nyheitsbrevet på e-post og måler om e-postane blir opna og kva lenkjer som blir klikka. Du kan melde deg av med lenkja nedst i kvar e-post. Les meir i personvernerklæringa.

Kontakt

Vil du støtte, samarbeide eller vite meir?

Vi tek gjerne ein prat med bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar som vil bidra til arbeidet vidare. Smia på Grodås blir basen vår.

Styreleiar

Anders Lødemel

975 30 535

anders.lodemel@hotmail.com

Nestleiar

Knut Ove Rygg

Knut.Ove.Rygg@stressless.com

Styremedlem

Edvin Haugen

edvin@grothaug.as